Samskaping til etterfølging

Jørgen Nilssen i Lundeskaret i Jølster, ein times køyring frå Sogndal.  - Klikk for stort bileteJørgen Nilssen i Lundeskaret i Jølster, ein times køyring frå Sogndal. Verena Patone Student Jørgen Nilssen har skrive om samskaping i suksessprosjektet "Lys på Turstien" i Bokn. Distriktssenteret brukar nå artikkelen som eit godt eksempel på stadsutvikling i kommunar.

21-åringen er student i Sogndal, der han tar ein bachelor i ungdomssosiologi og jus - og er ferdig til sommaren. Han skreiv læringseksempelet då han gjennom Høgskulen på Vestlandet (Sogndal) var utplassert i sju veker på Distriktssenteret. 

Den utflytta boknaren synest det er veldig gøy at eksempelet hans allereie har blitt brukt til å visa andre kommunar korleis dei kan samskapa med organisasjonar, næringslivet og lokale eldsjeler.

Jørgen Nilssen hadde god innsikt i prosjektet "Lys på Turstien".

- Ja, eg var med som ungdomsrepresentant, samtidig som eg var leiar i Bokn IL på den tida, fortel han.

Les artikkelen hans her:

"Lys på turstien" - samskaping på tvers av kommune, organisasjonar og næringsliv

Attraktiv stad

Jørgen Nilssen meiner at Bokn er ein attraktiv stad å kunna bu på, ettersom det er eit breitt arbeidsmarked i Tysvær, Karmøy og Haugesund.

- Eg trur at Bokn treng eit arbeidsfellesskap med gode teknologiske løysingar. Då kan fleire arbeida på Bokn, men i bedrifter som ligg på andre stader, seier ein som ikkje har planar om å flytta heim.

- Naturen i Sogndal gjer at eg førebels ønsker å bu her. Eg trivst svært godt med fjell og fjord.

Uansett har Jørgen Nilssen alltid Boknafjellet med seg. Han har nemleg tatovert fjellet på armen.