Situasjonen rundt Kårstøanlegget/Europipe II (gassledning)

Kommuneleiinga i Bokn er i tett dialog med Equinor og politiet om situasjonen i vår kommune.

Equinor handterer situasjonen på ein god måte, dei har jamleg kontakt med kommunen og deler det dei kan av informasjon om vurderingar og tiltak.

Tryggleiken på Kårstøanlegget og rundt gassrørledningen er skjerpa, og aktørane held tett og god kontakt med dei deler av norske myndigheiter som vurderer truslar og tryggleik.
 

Politiet har orientert om at det vil vere meir synleg politi rundt Kårstøanlegget og ved gassrørledningen. Dei har også bedt heimevernet om hjelp med vakthald rundt Kårstøanlegget.

Gassco/Equinor Nabobrosjyre - Bokn kommune