Skilting til dagsturhytta

Skilt til Kongsbu har kome opp på kjend plass for turgåarar. - Klikk for stort bileteSkilt til Kongsbu har kome opp på kjend plass for turgåarar. Ingrid Sofie Rundhaug


 


Det har kome opp skilt frå kyrkja til dagsturhytta Kongsbu. Du kan velja mellom to traséar og rundtur er mogleg.

Trasé 1

Skilt på plass ved turstistart i Lyngvegen. - Klikk for stort bileteSkilt på plass ved turstistart i Lyngvegen. Ingrid Sofie Rundhaug

Viss du vil gå på grus, vel du turstien frå kyrkja og følger skiltinga. Då er avstanden til Kongsbu 2,2 km, noko som i familievennleg tempo tar 30 minuttar å gå. Dette er den kortaste vegen ut til hytta frå kyrkja.

Her peikar skiltet til traktorvegen når du kjem turstien frå kyrkja. - Klikk for stort bileteHer peikar skiltet til traktorvegen når du kjem turstien frå kyrkja. Ingrid Sofie Rundhaug

Trasé 2

Vil du gå både på asfalt og grus, tar du vegen ned kyrkjebakken og finn vegen til turstistarten i Lyngvegen. For dei som ikkje er lokalkjende, er traséen frå Bokn Arena skilta ned bakken i Føresvikvegen og inn i Stabburvegen ved fyrlykta. Her får turfolk m.a. med seg idylliske Føresvik indre hamn og den nye klatreparken lenger oppe. Ved

Her går vegen ut på traktorvegen når du kjem frå turstistart frå Lyngvegen. - Klikk for stort bileteHer går vegen ut på traktorvegen når du kjem frå turstistart frå Lyngvegen. Ingrid Sofie Rundhaug

Lyngvegen manglar det eit skilt, som kjem på plass neste veke. 

Rundturar

Tilbake frå Kongsbu til kyrkja har du fleire moglegheiter. Når du kjem opp traktorvegen til turstien igjen, vel du enten den vegen du kom frå, eller motsett slik at det blir ein rundtur på til saman 5 km.

Ønsker du ein lang rundtur, tar du turen frå Kongsbu opp Stoggdalen til stikrysset ved Halvarsfjellet. Der kan du ta deg ein tur ut til Boknahåve, eller gå til Borgenvik og igjen venda austover til Søllbrekk og vidare til kyrkja.

Her er noko for ein kvar smak – god tur!