Skulebasar 21. oktober

Skulebasaren 2015 blei den siste i gymsalen.

Bokn skule inviterer til den fjortande skulebasaren i samband med TV-aksjonen. Basaren flyttar til Bokn Arena, fredag 21. oktober kl. 10.00 - 12.30.

Gymsalen har opp gjennom åra ikkje alltid vore stor nok til denne hendinga. Mange kan nå sjå fram til at alt kan foregå i same rommet, og både folk og pengar får betre plass å boltra seg på.

Passerer 300.000

Det er samla inn nærare 290.000 kr. til saman på desse skulebasarane, og statistisk sett vil talet passera 300.000 kr. med god margin på fredag. Det mest spennande er om fjorårets fantastiske rekordresultat på 33.370 kr. blir slått.

Som fleire sikkert har fått med seg blir gåvmilde Bokn lagt merke til nasjonalt, noko den imponerande skulebasarrekka bidrar sterkt til. I går hadde skulen besøk av TV-aksjonens skuleturne. På fredag får alle frammøtte oppleva songen frå dette besøket, innøvd av ungdomsskuleelevar. Det blir også andre elevinnslag. Ordførar Tormod Våga vil halda appell.

Gevinstar

Som vanleg er bygdafolk velkomne med gevinstar til basaren. Rektor opplyser at desse enten kan leverast til skulen i løpet av veka, eller ein kan ta dei med seg i Bokn Arena på fredag.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det sal av kaffi, saft og heimebakst.

Det er berre å setta av fredags føremidddag - velkommen!