Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gavmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg. M.a. vil 1. – 4. kl. synga og ordførar Tormod Våga vil halda appell.
Som vanleg er bygdafolk velkomne med gevinstar til basaren. Rektor opplyser at desse enten kan leverast til skulen i løpet av neste veke (nr. 42), eller ein kan ta dei med seg på basaren.
Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det drøs, sal av kaffi, saft og heimebakst.
I fjor blei det sett ein fantastisk rekord på kr. 42.058,- Vil du vera med og slå han er det berre å setta av føremidddagen den 20. oktober - velkommen!