Skulebasaren 2023

Bli med på skulebasar til inntekt for TV-aksjonen, fredag 20.oktober kl. 10 -12.

Tv-aksjonen NRK

Bokn skule inviterer alle i bygda til årets skulebasar. Inntektene frå basaren går uavkorta til TV-aksjonen og Redd Barna sitt arbeid for å hjelpa barn som er ramma av krig og konflikt.

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gåvmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg.

Det blir opptrinn av elevar og ordførar Osmund Våga vil ha appell.

Som vanleg er alle velkomne til å bidra med gevinstar til basaren. Desse kan leverast til skulen måndag-torsdag i veke 42.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det sal av heimebakst og moglegheit til hyggeleg drøs.

 

Skulebasaren

Den tradisjonelle skulebasaren blei første gong arrangert i 2003, og det er såleis basar nr. 21 i år. I 2003 var det også Redd Barna som hadde TV-aksjonen.

Dei 20 første skulebasarane har til saman samla inn heile 552 702 kr - eit fantastisk resultat!

Gjeldande rekord blei sett i fjor. Då kom det inn 58 355 kr til Leger Uten Grenser.