Skulebasaren 2024

Bli med på skulebasar til inntekt for TV-aksjonen, fredag 18.oktober kl. 10 -12.

Bildet viser TV-aksjonslogo 2024. - Klikk for stort bileteTV-aksjonslogo 2024. NRK TV-aksjonen

Bokn skule inviterer alle i bygda til årets skulebasar. Inntektene frå basaren går uavkorta til TV-aksjonen og Barnekreftforeningen sitt arbeid med å etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Bergen, Trondheim og Oslo.

Den tradisjonsrike hendinga bidrar kvart år sterkt til at Bokn er blant dei mest gåvmilde kommunane i landet, og programmet følger fast opplegg.

Det blir opptrinn av elevar og ordførar Egil Våge vil ha appell.

Som vanleg er alle velkomne til å bidra med gevinstar til basaren. Desse kan leverast til skulen måndag-torsdag i veke 42.

Forutan loddsal (10 kr. pr. lodd) blir det sal av heimebakst og moglegheit til hyggeleg drøs.

 

Skulebasaren

Den tradisjonelle skulebasaren blei første gong arrangert i 2003, og det er såleis basar nr. 22 i år. 

Dei 21 første skulebasarane har til saman samla inn heile 592 302 kr - eit fantastisk resultat!

Gjeldande rekord blei sett i 2022. Då kom det inn 58 355 kr til Leger Uten Grenser.