- Slik er det å bu på Bokn

I alle fall slik miljøterapeut Elisabet Taraldlien ser det.

Bilde av ein person som hjelper til med traktor. - Klikk for stort bileteLars Erik med traktor til hjelp. Elisabet Taraldlien

Måndag 14. oktober, dugnad på gang på Bokn idrettshus, veret kom som bestilt, med lite, eller mest ikkje vind, sol og nokre plussgrader. Ungdomsrådet kom til avtalt tid, og med redskap til å sage og kutte ned buskar og kvist rundt idrettshuset.

Tysvær bygdeblad med Siri er og på plass, og skal intervjue ungdommane, for dugnad til eit slikt føremål… ja det er noko med det. Ungdommane skal bruke pengane dei får for dugnaden til å vere med å finansiere ein konsert, og det er ein konsert dei sjølve er med på å arrangere.

Stolt og imponert

Litt ut i arbeidsøkta, så skjer det som gjer at eg blir så stolt, og litt imponert i grunn, av ungdommane her på øya. To karar kjem ruslande opp trappa ved Bokn arena, og seier: 

-Jaha, gjere dåkke da? 

Bilde frå intervju med Tysvær bygdeblad - Klikk for stort bileteIntervju med Tysvær bygdeblad Elisabet Taraldlien

Så blir dei med på jobben, som det mest naturlege i heile verda. Ei lita stund etter der igjen, kjem ein litt eldre ung vaksen, med motorsag med seg. Han seier: 

-Nai, barra lurte på koss det gjekk me dugnaden, så sa eg at eg konne komma å hjelpa. 

Han hadde snakka med «traktormannen» vår.

Eit godt område med kratt er rydda på eit par timar, vi måtte stoppe for det vart for mørkt. To lass med buskar og kvist er køyrd vekk, alle fekk seg eit horn med ost og skinke, og ei flaske brus. Eg sit igjen med ein følelse av å ha vore med på framtida, og er audmjuk takknemlig.

Tusen takk til:

Bokn ungdomsråd, Magne, Sanne, Noah, Truls, Espen, Albert, Anna og Eskil.
Lars Erik og far som stilte med traktor, hengar og plass til busk og kvist.
Andreas og William som kom ruslande forbi, og berre blei med.
Mathias (og motorsaga), som plinga på til kompisen og ville hjelpe til.
Bokn idrettslag for jobben, brusen og horna.

Bilde fra matbordet inne på Idrettshuset. - Klikk for stort bileteUtan mat og drikke, duger heltar ikkje. Elisabet Taraldlien

Elisabet Taraldlien