Slutt for korpset?

- Kva korps skal me spela i?, spør fv. Markus Everts, Marita Everte, Annabell Kallevik Våge, Tiril Sjøen, Lilly Sjøen og Tiril Kristine Jøsang-Alvestad. - Klikk for stort bilete- Kva korps skal me spela i?, spør fv. Markus Everts, Marita Everte, Annabell Kallevik Våge, Tiril Sjøen, Lilly Sjøen og Tiril Kristine Jøsang-Alvestad. Jardar Havikbotn Bokn musikkorps manglar både dirigent og styrekandidatar, og kan bli lagt ned på årsmøtet 21. mars.

Styreleiar Anne L. Faye har sagt til 17. mai-komiteen at dei må planlegga nasjonaldagen utan korps, og fortel at dei kjenner på ein stor frustrasjon.

- Ja, me er frustrerte over vanskane med å få dirigent, men også over at me ikkje får folk til å stilla i styret. Me er avhengige av at folk stiller opp, og det må gå på rundgang.

«Koronadvale»

Heilt sidan Bokn musikkorps starta i 1964, har det hatt god klang og oppslutning i bygda. Økonomien er god og det har tilsynelatande aldri vore problem å danna styre i laget. Det kan spekulerast i om koronaperioden har all skuld, men ting har skjedd dei siste to åra.

Bokn musikkorps, 17. mai 2021. - Klikk for stort bileteBokn musikkorps, 17. mai 2021. Jardar Havikbotn Mange har mista motivasjonen og det er vanskeleg å starta opp igjen. Dette gjeld mange fleire enn Bokn sitt musikkorps, men det kan ta tid å bygga ting opp igjen dersom korpset må leggast ned. Tidlegare dirigentar har sørga for at det har vore korpsmusikk på dei to siste nasjonaldagane, men i år ser det dårleg ut.

Eit glimt av håp

I dag har Torhild Svendsen ei aspirantgruppe på seks, men rekruttane treng også eit inspirerande korps dei seinare kan begynna i. Kva korps skal det vera?

Anne L. Faye seier at dei i dag manglar to styremedlemmer, og at dei heller ikkje kan halda fram med eit såkalla sovande styre når dei ikkje er mange nok.

- Då må me dessverre legga ned, avsluttar ho – og kryssar fingrane for både ny dirigent og nye styremedlemmer i løpet av veka. Interesserte kan kontakta henne på tlf. 922 13 062.