Snart klart for Sommarles.no!

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no.

Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Bokn kommune vera med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Kick-off

Fredag 31. mai har me Kick-off for elevane i auditoriet i skuletida, der dei får informasjon om kampanjen og sett kva premiar dei kan få etter kvart som dei les. Til slutt blir det vist ein nasjonal video som blir publisert den dagen, der Victor Sotberg og Odin Helgheim er programleiarar.

-Det er veldig kjekt å sjå kor gira barna blir når denne kampanjen set i gong, og eg kjenner at eg nesten er litt misunneleg! seier bibliotekaren, som har eit mål om å slå rekorden på antal lesne sider kvart år.

Sommarles.no gjer det gøy å lesa!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjera seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.


Kontaktperson: Thea Elisabeth Hansen, biblioteksjef Bokn bibliotek, tlf.: 52 75 25 45