Solrunn Alvestad pensjonerer seg

67-åringen begynte som økonomisjef i Bokn kommune 1. januar 1999. I april same år blei også rolla som assisterande rådmann lagt til stillinga.

Solrunn Alvestad under markeringa av at ho blir pensjonist, 14.12.22. - Klikk for stort bileteSolrunn Alvestad under markeringa av at ho blir pensjonist, 14.12.22. Jardar Havikbotn

Ho har også hatt personalsjef-funksjon, og har jobba med alt frå budsjett og rekneskap til interne gåver og arrangement.

Solrunn Alvestad har hatt ei sentral rolle i kommunen, og både tilsette, tillitsvalde, verneombod og innbyggarar har hatt eit forhold til henne gjennom mange år. Dei har fått god og grundig bistand frå ei som alltid har vore villig til å hjelpa.

Takk for stor innsats for Bokn kommune og lykke til som pensjonist!

Jardar Havikbotn