Sommarjobb for ungdom

Sommarjobb-illustrasjon

Viktig informasjon til alle bedrifter i Bokn.

Sommarjobb for ungdom; vinn – vinn for alle partar!

Bokn kommune vil med dette informere om ordninga «Sommarjobb for ungdom», eit tiltak med hovudmålsetting om å tilretteleggje for at ungdom får verte kjend med både den kommunale verksemda og med andre private verksemder på Bokn. I tillegg er det utvilsamt svært nyttig for ungdommen å ha noko å sysla med i sommarferien – og i tillegg tene nokre kroner på det.

Vi inviterer difor private bedrifter i kommunen til å delta i ordninga slik at vi sikrar tilstrekkeleg mange nok sommarjobbar for ungdommane. Ungdommane som kan søkje om sommarjobb via den kommuanle ordninga, er skuleelevar i 9. og 10. klasse ved Bokn skule samt elevar (med bustadadresse Bokn) i 1. vidaregåande. Ungdommane vil få tilbud om max. 2 veker sommarjobb kvar. Bokn kommune utbetaler løn, men vil krevje 50 % refusjon frå bedrifta som tar inn ungdommen (-ane).

Kostnad ca. kroner 3000,-/per veke.

Ynskjer DI bedrift å tilby ein ungdom sommarjobb, send då melding om dette til prosjektkoordinator

Bengt Krystad, Nav Bokn på e-post: bengt.krystad@nav.no

Du kan også nå Bengt på 92055348.

Sommarvekene står for døra raskare enn vi anar og vi ber om tilbakemelding

seinast innan 20. mai 2017.

Har du spørsmål, ta kontakt med prosjektkoordinator Bengt Krystad.

Nærmare informasjon til ungdommane som kan søka sommarjobb kjem seinare.