Sommarskolen i Bokn

Leikande barn. - Klikk for stort bileteLeikande barn. pixabay.com Kommunen vil i sommar gi eit godt og variert aktivitetstilbod med læring, meistring og trivsel til alle elevane i grunnskolen gjennom sommarskoletilbod. No treng me deg med på laget!

Er du tilknytta ein organisasjon, næringsliv, privat næringsdrivande eller privatperson og tenkjer at du vil vere med på å tilby kurs og aktivitetar til elevane på sommarskolen i Bokn? Då ber me om at du fyller inn skjemaet nedanfor innan 30. mai:

Skjema, sommarskole i Bokn 2021

Det er Utdanningsdirektoratet som har oppretta tilskotsordninga om sommarskoletilbodet i samband med koronapandemien. Dette tilskotet fører til at kommunen kan legge til rette for eit flott og mangfaldig tilbod til elevane i grunnskolen. 

På sommarskolen vil elevane få lære noko nytt, meistre utfordringar, og treffe andre med same interesse som dei sjølve. Gjennom ulike tema, praktisk- og fysisk aktivitet og kulturopplevinga skal sommarskolen bidra til meistring og spennande opplevingar. Målet med sommarskolen er å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar, og at elevane kan få moglegheit til fagleg påfyll. Dette gir og ein mogelegheit for at ein kan vise fram kommunen sitt kulturliv, tradisjonsliv, næringsliv og historie. 

Kommunen treng no å inngå samarbeid med organisasjonar, næringsliv, private og sjølvstendig næringsdrivande om kurs og aktivitetar som skal vere tilbodet til elevane i sommarskolen. Alle tilbydarar av kurs/aktivitetar vil få opplæring i gjeldande smittevernreglar i forhold til gruppestorleik, oppmøte og korleis ein kan få til ei trygg avvikling av aktivitetane.

Når programmet er klart, vil det i byrjinga av juni bli opna for påmelding for elevane gjennom ein invitasjon som blir sendt til alle føresette via Visma Flyt Skole og publisert på skulen si facebookside.