Spektakulær boklansering

Ordførar Tormod Våga gav m.a. uttrykk for at det var stor stas at skribenten og teiknaren av ein nasjonal skatt kom frå Bokn.

2. februar var det historisk sus i allrommet i Bokn Arena, då boka om Nils Trosners dagbok frå 1710-1714 blei presentert.

Mads Ramstad snakka om folket i Trosnavåg omkring 1700.Hans Christian Bjerg meinte dei hadde bevis på at det var broren til Nils, Daniel, som var i flåten og laga dagboka.Tor Jørgen Melien har saman med Hans Christian Bjerg halde på med det dansk-norske bokprosjektet i ti år.

Av dei 37 frammøtte var ca. halvparten frå Bokn - dei aller fleste etterkomarar av Trosner (Trosnavåg). Ordførar Tormod Våga fekk også veta at han var i slekt med dagbokforfattaren, i fleire linjer til og med. Han batt timane fint saman og gav m.a. uttrykk for at det var stor stas at skribenten og teiknaren av ein nasjonal skatt kom frå Bokn.

Direktør for Haugalandmuseene, Mads Ramstad, sa at boka også var eit klenodium i europeisk samanheng. Ho er også ein del av den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register, og blei tatt inn som ein del av Noregs dokumentarv ved opprettinga av registeret i 2012. 

10-årig bokprosjekt

Overarkivar ved Rigsarkivet i København, Hans Christian Bjerg, og kommandørkaptein Tor Jørgen Melien ved Institutt for forsvarsstudier har halde på med det dansk-norske bokprosjektet i ti år. Dei var til stades og gav oss flotte presentasjonar frå dagboka, Den store nordiske krig og personen Trosner.

Og personen Trosner var sannsynlegvis Daniel, broren til Nils, kunne Hans Christian Bjerg fortella. Han meinte dei hadde bevis på dette, og me fekk også sjå bilder av at Daniel-namnet stod på fleire lister frå den aktuelle krigsflåten. Birger Lindanger hadde skrive i "Bokn Gard og ætt" frå 2002 at det i den lokale tradisjonen blei stilt spørsmål ved at "Tordenskjolds matros" heitte Daniel, og ikkje Nils. 

- Der kan me sjå, boknarane har alltid rett, sa den lokale historikaren.

Lokal interesse

Uansett fornamn er dagboka laga av ein Danielsen Trosnavåg, og handlar om dagleglivet ombord på krigsskipa og livet på land frå 1710-1714. Det er grunn til å tru at interessa på Haugalandet for boka, som kjem ut snart, er stor. Som eit apropos må det nemnast at det på boklanseringa i Oslo 31. januar var 60 stk. til stades. Info om korleis du kan få fatt i boka, kjem seinare.

Det viste seg at rommet i 2. etasje i Bokn Arena eignar seg godt til denne type arrangement. I den forbindelse må den flotte innflyttingsgåva frå Bokn sanitetsforening nemnast: fullt porselens-servise til 84 personar, som ein finn på storkjøkkenet.

 

Les også

Bok om dagbok