Spørreundersøking, informasjonsverksemd

Illustrasjon, koronainfo - Klikk for stort bileteIllustrasjon, koronainfo pixabay.com Har du synspunkt på informasjonsverksemda til kommunen under pandemien? Spørreskjema nedst i artikkelen.

Av beredskapskoordinator Eivind Jahren

Ei krise er nesten alltid ei kommunikasjonsutfordring. Så og med korona-pandemien som me har levd med i halvanna år. Kommunen har freista å nå ut med informasjon om kva ein skal gjera for å unngå å bli smitta – og kva ein skulle gjera viss ein har vore smitta eller hatt mistanke om det. Dessutan har det vore behov for informasjon om kommunale tilbod, lokale forskrifter og så vidare.  

Nå er Bokn kommune saman med Kvitsøy kommune i gang med å evaluera delar av innsatsen under pandemien. Noko av det ein skal evaluera, er informasjonsverksemda og kommunikasjonen med innbyggarane, næringslivet, og lag og foreiningar.    

Me som jobbar i kommunen kan jo ha oppfatningar om korleis det har gått så langt. Men langt viktigare er det å få høyra kva «folk flest» meiner om spørsmålet. Derfor har me utarbeidd eit enkelt spørreskjema som me håper mange vil nytta høvet til å svara på. Det tar truleg ca 3-4 minutt å gjennomgå det.

Trykk for å gå til spørreskjemaet:

Spørreskjema