Squash

Bokn Arena har ein fullskala squashbane. - Klikk for stort bileteBokn Arena har ein fullskala squashbane. Han ventar på deg! Jardar Havikbotn Kva med ei økt squash i Bokn Arena?

Den fullskala squashbanen (9,75 m x 6,40m) i Bokn Arena står mykje ledig. Du kan reservera tid kvar dag frå kl. 8 til kl. 22. Under reservasjonen ser du med ein gong om det er opptatt eller ledig.

Reserver her

Visste du at for 521 kr pr. halvår kan du bruka squashhallen så mykje du vil, når han er ledig?

Nå veit du det - og har du ikkje racket eller ball, kan du låna det på kulturkontoret. Der er det 2 racketar og fleire ballar.

Etter reservasjonsregistrering får du nøkkelbrikke på Boknatun. Denne er personleg og blir koda til ditt bruk. Vippskrav/faktura blir sendt deg etter 6 mnd. frå første reservasjonsdag.

Sunt er det også. I følge Wikipedia er det ikkje uvanleg å forbrenna 700–1000 kilokalorier i løpet av ein times spel.