Startar riving

Riving av Bokn Plast startar i dag, måndag 26. august.

Bilde av Bokn Plast - Klikk for stort bileteI morgontimane 26. august 2024 var det "stille før stormen". Jardar Havikbotn

Det er H2Miljø som skal stå for rivinga. Dagleg leiar,  Agnar Haugen fortel at arbeidet denne veka vil foregå inne. Neste måndag, 2. september er planen å starta den fysiske delen av rivinga ute. 

Ferdig innan desember

Caiano AS organiserer prosjektet i samarbeid med H2Miljø. Eigedomsforvaltar Antonie Pettersen seier at arbeidet vil gå føre seg måndag til torsdag i arbeidsvekene, og at naboar blir varsla og ev. støy. 

Bygningane skal vera jamna med jorda innan desember i år.

 

Korleis Bokn Plast etablerte seg på Bokn

Hausten 1969 fekk kommunen kontakt med Tinney Rasmussen ved Åkrehavn sildoljefabrikk for å utvikla septiktankar av glasfiber og polyester, ein idé Olav Vetvik hadde kome på nokre år tidlegare. Etter eksperimentering blei leiinga ved sildoljefabrikken interessert, og dei trong større lokale.

Dei vurderte fleire alternativ og landa på den gamle hermetikkfabrikken i Føresvik. I januar 1970 blei det forhandla om overtaking, og kommunen kjøpte fabrikken for kr. 360.000. I august 1970 vart avtalen med sildoljefabrikken om leige av 812 kvadratmeter til plastproduksjon signert, og Bokn Plast blei etablert.

Produksjonen fokuserte på septiktankar, og bedrifta tok etter kvart 2/3 av den norske marknaden. Elleve lokale arbeidarar blei tilsette, og Bokn Plast blei den største private arbeidsplassen i bygda til langt ut på 2000-talet.

Kjelde: Lindanger, Birger (2016). Bokn Kultursoga Band 2 s. 851-853