Statsbudsjettet 2025

Statsbudsjett blei lagt fram denne veka. Slik det nå ligg føre kjem Bokn godt u, og me får ein auke på frie inntekter på 15,4 %.

Frie inntekter 2025

Frie inntekter for Bokn

Anslag frie inntekter for Bokn kommune er 95 159 254 kroner.

-Dette anslaget på frie inntekter inneber ein nominell vekst for Bokn kommune frå 2024 til 2025 på 15,4 prosent. I same periode er anslått landsgjennomsnittleg vekst på 5,8 prosent. Veksten i frie inntekter er rekna frå anslag på rekneskap for 2024 i statsbudsjettet 2025, seier ordførar Egil Våge.

Bilde av kryss E39 Knarholmen, som ligg inne i Statsbudsjettet. - Klikk for stort bileteUtbetring av kryss E39 Knarholmen ligg inne i Statsbudsjettet. Jardar Havikbotn

Sidan me ikkje kjenner dei endelege skatteinntektene for 2025 før i januar 2026, er det gjort eit anslag på kor store skatteinntektene for 2025 vil vera. Det blir derfor presisert at det angitte nivået på frie inntekter er eit anslag.

-Saman med ordningar for utkantkommunar med billegare barnehage, auka barnetrygd for barn over 6 år og med avskriving av studiegjeld med kr 25 000 pr. år frå januar 2026, kjem Bokn godt ut, fortel ein fornøgd ordførar.

-Dette vil visa godt på økonomien til småbarnsfamiliar og dei med studigjeld som bur på Bokn eller vil flytta til Bokn, seier ordførar Egil Våge.

Samferdsel

Han nemner også at utbetring av kryss E39 Knarholmen også ligg i statsbudsjettet (andre kulepunkt under): 

E39 Rogfast

  • Prosjektet omfattar bygging av ein 26,7 kilometer undersjøisk tunnel i to løp mellom Harestad i Randaberg kommune og Laupland i Bokn kommune og ein 3,7 kilometer lang tunnelarm til Kvitsøy.
  • I Bokn blir det bygd om lag 1 kilometer veg i dagen før han blir kopla på eksisterande E39. Dagens kryss ved Føresvik blir planlagt bygd om av omsyn til trafikktryggleiken. Anleggsarbeida starta i 2018, og prosjektet er forventa opna for trafikk i 2033.
  • Tilknyting til eksisterande E39 i Randaberg skjer i Harestadkrysset som er ein del av prosjektet E39 Smiene–Harestad innanfor Bypakke Nord-Jæren.

 

Statsbudsjettet 2025: Rogaland - regjeringen.no