Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio april 2024.

Bilde av tipptruckar klare til salvekøyring i krysset i tunnelen ved Arsvågen.  - Klikk for stort bileteTipptruckar klare til salvekøyring i krysset i tunnelen ved Arsvågen. Robert Kydland, Vassbakk&Stol

Boknafjordtunnelen nord

I tunnelen har det sidan sist infobrev vore forholdsvis mykje vatn som har leke inn, og arbeidet med å tetta fjellet hindrar framdrifta ein del. Men entreprenøren vår Skanska har i kvart av hovudløpa sprengt ca 3 500 meter, dette er 37% av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.

Veg ute i dagen

Ute i dagsona, frå tunnelpåhogget til kryss med eksisterande E39 held arbeidet med grøfter, kummar, røyr og sikring av fjellskjeringane fram til vegoppbygginga startar i sommar.
Knusing av steinmassar til vegbygging ved Laupland pågår.

Bildet viser arbeid med trekkerøyr og grøfter ved Laupland.  - Klikk for stort bileteArbeid med trekkerøyr og grøfter ved Laupland. Raed Quader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen

Sjøtransport av steinmassane

I starten på mai blir det auka aktivitet ved Føresvik. Då er gyteperioden over og arbeidet med fylling av massar ved Holmen startar opp att. I tillegg blir det starta med steinplastring i strandsona ved HighComp-fyllinga. I samband med dette arbeidet må vi frakta knuste steinmassar på lastebil frå Laupland og ned til fyllinga. Dette vil føregå fram mot sommaren med varierande mengde bilar.

 

Bilde av elektrisk steinknusing på Laupland. - Klikk for stort bileteElektrisk steinknusing på Laupland. Øyvind Ellingsen, Statens vegvesen

Som følgje av stopp i gyteperiode har alle steinmassane dei siste to månadane gått med lekter til Husøy.
Vi held fram arbeidet med rydding av koplingsboksar langs strendene. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no