Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio mai 2024.

Boknafjordtunnelen nord

Også siste månaden har det vore mykje arbeid med å tetta for vatnet som lek inn i tunnelen. Dette fører til at Skanska ikkje får den heilt store framdrifta med tunnelsprenging. I kvart av hovudløpa, der vi til saman har seks angrepspunkt (stuffar), er det no sprengt ut ca 3750 meter, dette er 41 % av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.

Bilde av betongelement som er lagra. - Klikk for stort bileteLagring av betongelement. Raed Quader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen

Betongelement som skal monterast i tunnelen, både i vegger og tak, blir no lagra på riggområdet ved E39. Elementa blir produsert av Ølen Betong.

Veg ute i dagen

Ute i dagsona, frå tunnelpåhogget til kryss med eksisterande E39 held arbeidet med grøfter, kummar og røyr fram, og vil pågå ut året.
Grunneigar i Knarholm-området har fått dispensasjon til å driva med trial/ crosskøyring. Området er innafor Statens vegvesen sitt riggområde, og Skanska held på med opparbeiding av crossbana og nødvendig parkeringsareal.

Sjøtransport av steinmassane

Ved Føresvik er det no starta opp att med fylling av stein i sjøen frå lekter etter at det var stopp i tre månader på grunn av gyteperiode. Det er nå fylt så mykje at vi kan sjå ein mindre del av den som kjem over havoverflata. 

Bilde av sjøfyllingen utafor kaien i Føresvik.  - Klikk for stort bileteSjøfyllingen viser seg utafor kaien i Føresvik. Odd Erik Haugen, Statens vegvesen

Lektertransportane med stein går no både til Husøy og til Føresvik. 
Steinplastring i strandsona ved HighComp-fyllinga pågår. Mesteparten av steinmassane er frakta ned til fyllinga med lastebil, og resterande vil bli frakta ned fram mot sommaren.

Vi held fram arbeidet med rydding av koplingsboksar langs strendene. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no