Boknafjordtunnelen nord
Støyskjerm ved Søre Vatnalandsvatn (Vågshaugtjernet).
Raed Quader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen
I siste periode har det vore grei framdrift i tunnelen. Både fjellforhold og innlekkasje av vatn er varierande, men om lag som forventa. I kvart av hovudløpa er det no sprengt ut ca 4100 meter, dette er 45 % av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn.
I tunnelen pågår det også betongarbeid for pumpearrangement og oljeutskillar i ein av dei seks pumpestasjonane, samt grunnarbeid for tekniske bygg og tverrforbindelsar.
Veg ute i dagen
I dagsona, frå tunnelpåhogget til kryss med eksisterande E39, er det stor aktivitet med grøfter, kummar og røyr, samt knusing av steinmassar til vegbygging. Det er også bygd ein 305 meter lang natursteinmur/ støyskjerm langs ny E39 ved Vatnalandsvatnet.
Sjøtransport av steinmassane
Tunnelpåhogg og riggområde ved Laupland.
Trond Arild Austgulen, Statens vegvesen
Lektertransportane med tunnelstein frå anleggskaien ved Arsvågen går både til Husøy og til Føresvik. I desse dagar er det til saman transportert ut 1 million m3 med stein.
Vi held fram arbeidet med rydding av koplingsboksar langs strendene. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no
Sommarferie veke 28, 29 og 30
All anleggsaktivitet tek sommarferie inn mot helga 6. juli, for så å starta opp att 29. juli.
Lektertransport av tunnelstein under Boknasundbrua.
Skanska
Oppsummert, er vi i hovudsak ajour med framdriftsplanane, og vi er godt fornøgd med arbeidet som er utført så langt.
God sommar frå E39 Rogfast – E04 Bokn.