Status, Rogfast - E04 Bokn

Her kjem informasjon frå Statens vegvesen medio oktober 2024.

Boknafjordtunnelen nord

Bilde av vatn på stuff. - Klikk for stort bileteVatn på stuff. Knut Håvarstein Hausken, Statens vegvesen

Etter ein lengre periode med gode driveforhold i tunnelen så har det dei siste vekene vore meir innlekkasje av vatn som seinkar framdrifta på tunnelsprenginga. Men vi ligg pr dato likevel greitt an i forhold til framdriftsplanen. Det er sprengt ut i overkant av 5200 meter i kvart av dei to hovudløpa, dette er 57 % av den tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn. 

Som vi informerte om i sist infobrev så har vi nå fått gjennomslag i begge tunnelløpa på den nordre-tre-kilometer strekninga mellom tverrslaget og Laupland. Gjennomslaga vart utført den 16. og 26. september. Det vil sei at vi har gått frå sprenging på seks tunnelstuffar til no berre to, dei to i retning Kvitsøy.

I tunnelen har det no vore nedrigging etter at tunneldrivinga vart avslutta på fire tunnelstuffar, medan det er starta opprigging på andre aktivitetar som VA og vegbygging med Vassbakk & Stol, og tunnelinnreiing. Dette gir også endring av mannskap, dei som har jobba med tunneldriving og steintransport blir flytta til andre anlegg, medan nytt mannskap til etterarbeid i tunnelen kjem inn.  
Elles pågår arbeidet med grunn- og betongarbeid.

Veg ute i dagen

Bildet viser at mykje er ferdig. - Klikk for stort bileteMykje er ferdig. Raed Qader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen

I dagsona, frå kryss med eksisterande E39 og mot tunnelopninga er det mykje som byrjar å bli ferdig, og store mengder med knuste tunnelmassar som skal brukast til vegbygging i tunnelen blir lagra ved Laupland. 

Ved Vågshaug er det bygd kulvert for at Arsvegen (kommuneveg) skal unngå å kryssa den nye E39 i plan. Kulverten er 22 meter lang, 5 meter brei og 5 meter høg. På vestsida er det bygd støyskjerm, og til bygginga har det gått med 540 m3 betong og 94 tonn armering.

Sjøtransport av steinmassane

Lektertransporten av steinmassar til Husøy og Føresvik har gått som planlagt også denne perioden. 
Steinmassar frå Rogfast skal også brukast til å heva tomten i Føresvikvegen 2. Her var det tidlegare fabrikkbygningar som no er rivne. Området skal hevast slik at det tilfredsstiller krava i reguleringsplanen.

Bilde viser kulvert K74 under ny E39.  - Klikk for stort bileteKulvert K74 under ny E39. Edgar Jusnes, Statens vegvesen

Vi held fram arbeidet med leiting og rydding av raud-oransje koplingsboksar. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no
 


 

 

Bilde av ein koplingsboks. - Klikk for stort bileteKoplingsboks. Odd Erik Haugen