Boknafjordtunnelen nord
Som vanleg med tunneldriving, alt etter korleis fjelleforholda er, så kan inndrifta variera ein god del. No siste vekene har det gått sakte. Det er i hovudsak utfordring med tetting av vatn som trenger inn som har hefta oss. Men sidan vi ser betring av forholda så er vi optimistar for den vidare tunneldrivinga nedover mot djupet. Vi har no komen ned til 250 meter under havet, og skal vidare ned til 392 m.u.h. på det djupaste.
Montering av membran i ein rømningsveg.
Inge Drarvik, Statens vegvesen
Til no er det sprengt ca 5,3 km i kvart av dei to tunnelløpa, der løpet til høgre sett mot Kvitsøy er komen vel 100 meter lengre enn venstre løp. Dette utgjer 58% av tunnellengda som Skanska skal sprengja frå Bokn
Mellom dei to tunnelløpa er det tverrforbindelsar som skal fungera som rømningsveg til det andre tunnelløpet for kvar 250 meter.
Alt vatn som lek inn gjennom sprekker i fjellet blir fanga av ein tetting som fører vatnet ned til drenssystemet. Heile tunnelen, inklusiv rømningsvegar (tverrforbindelsar) og andre sidebergrom, blir fora med membranduk som gjer tunnelen tett mot innlekkasje, og fører vatnet ned i nærmaste pumpestasjon.
Foto Inge Drarvik, Statens vegvesen
Vatnet blir så pumpa opp i dagen ved tunnelinnslaget på Laupland og vidare i leidning som går ut i sjøen på 30 meters djupne. Hovudtunnelane vil i tillegg bli sikra med gjennomgåande betongelement i både vegger og tak.
I tunnelen er det også aktivitet med fleire typar etterarbeid. Grunnarbeid pågår på fleire områder. Mellom anna masseutskifting i frostsona som går 600 meter inn i tunnelen, samt diverse grøftearbeid for kablar og leidningar.
Forskalings- og betongarbeid pågår på pumpearrangementa og for vegger i rømningsvegane.
Ved tunnelinngangen ar det starta arbeid med fundamentering
Arbeid med masseutskifting i frostsona og utlegging av singel som fundament for vassleidning.
Raed Qader Jasim Al-Hamadani, Statens vegvesen
av portalkonstruksjonane og arbeid med fordrøyningsmagasin.
Sjøtransport av steinmassane
Lektertransporten av steinmassar til Husøy og Føresvik går som planlagt. Ved Husøy er 73% av fyllinga utført, medan det er utført 83% ved Føresvik.
Vi held fram arbeidet med leiting og rydding av raud-oransje koplingsboksar. Dersom nokon registrerar strandområder med koplingsboksar som vi ikkje har vore og rydda, så er det veldig bra om vi får tips om dette på rogfast@vegvesen.no
Arsvågen ferjekai – venterom
Arbeid med fordrøyningsmagasin.
Inge Drarvik, Statens vegvesen
Den siste tida har det pågått ei mindre ombygging i ferjekaibygget på Arsvågen slik at det har vorte plass til eit venterom for reisande med ferja. Venterommet som er plassert på sjøsida i ferjekaibygget er no klart til bruk.
Koplingsboks.
Odd Erik Haugen, Statens vegvesen