"Stikk og stem" 1. sept.

Fv. Valfunksjonærane Åse Helen Alvestad og Gro Sørensen er klare til å ta imot deg. - Klikk for stort bileteFv. Valfunksjonærane Åse Helen Alvestad og Gro Sørensen er klare til å ta imot deg. Jardar Havikbotn Stortingsvalet 2021: "Stikk og stem" 25. august var ein suksess. Det blir ny runde onsdag 1. sept. på Boknatun, 2. etasje. Over 17% av dei stemmeføre i Bokn har nå førehandsrøysta.

Heile 36 personar som hadde vaksinasjonsavtale var innom røysteavlukket utanfor vaksinasjonslokalet onsdag 25. august. Me håpar på suksess igjen, i neste runde av «Stikk og stem», onsdag 1. september 2021.

Har du vaksinasjonsavtale onsdag 1. september kan du, dersom du ønsker det, førehandsrøysta i 2. etasje på Boknatun i tidsrommet 15:20 - 18:00.

Ta kontakt med valfunksjonærane som har rigga seg til med valavlukke og utstyr utanfor Allrommet dersom du ønsker å stemme.

Og – «Stem og stikk»

Andre kan også stikka innom dersom dei vil røysta sjølv om dei ikkje har avtale om vaksinasjon. Stikk gjerne innom mellom kl. 15:20 og 18:00 for å stemma!

Heile 114 av 650 røysteføre i Bokn kommune - 17,54%, har førehandsrøysta pr. 27. august kl. 14:00.