"Stikk og stem"

"Stikk og stem" - Klikk for stort bilete"Stikk og stem" Jardar Havikbotn Har du vaksinasjonsavtale onsdag 25. august kan du, dersom du ønsker det, også førehandsrøysta i 2. etasje på Boknatun i tidsrommet 15:20 - 18:00.

Ta kontakt med valfunksjonærane som har rigga seg til med valavlukke og utstyr utanfor Allrommet dersom du ønsker å stemme.

Stem og stikk

Andre kan også stikka innom dersom dei vil røysta sjølv om dei ikkje har avtale om vaksinasjon. Stikk gjerne innom mellom kl. 15:20 og 18:00 for å stemma!

Helsing
Valstyret i Bokn kommune