Stillehavsøsters på Bokn

Bruk badesko når du er ute og vassar. Du kan skjera deg på ein uønska gjest. Sigrunn Hole Hosaas

Her har stillehavsøstersen opna seg. Sigrunn Hole Hosaas Laurdag 26. mai fann Sigrunn Hole Hosaas, dottera Kirstin og ungane ikkje mindre enn fire eksemplar av den sylkvasse arten på stranda på Alvestad nærmiljøanlegg. Ho fortel at fleire badegjester har skore seg på stillehavsøstersen, som også blir kalla gigasøsters. Han kan nemleg bli opptil 40 cm, og lever vanlegvis fastvokst til stein frå fjæremålet til eit par meters djup

Invaderande

Inge Birkeland observerte østersen i Ognahabn i fjor. Han har også sett sjødyret i Steinsvikane, så ting tyder på at det blir meir og meir av han. Dette stemmer godt med at det har oppstått skjellbankar av stillehavsøsters i den sørlege delen av Nordsjøen, noko som forandrar det naturlege økosystemet. Arten, som første gong blei funne i Noreg i 1980 - utafor Kragerø, er også i følge Artsdatabanken ein invaderande art som er svartelista i Noreg og uønska i norske farvatn.

Kjelde: Wikipedia