Stirydding

I ei årrekke har 9. klassingane ved Bokn skule drive vedlikehald av dei tilrettelagde turstiane i kommunen. Dei trådde til i år også.

I samarbeid med Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest blei det, etter kvart, store stinettet i Bokn gjennomgått i vår, og danna eit prioriteringsgrunnlag. Resultatet blei traséane til Boknahåve og Vardafjellet. Vegen til Boknahåve dannar eit stinett åleine, og her blei det delt inn i fire ulike oppgåver:

Traséar:

Turstien – Borgenvik      Stollstjørnå – Stikrysset (opp Stoggdalen)
Borgenvik – Stikrysset      Stikrysset – Boknahåve


(Stikrysset: der stiane frå Borgenvik og Stoggdalen møtest).

Stor innsats

Førre skuleårs 9. kl. m/foreldre bretta opp armane og gjekk laus på kvisting-, merking- og skiltsjekkings-oppgåvene med hagesakser, merkespray, roseklipparar, sager, m.m. Klassen hadde delt seg i fem grupper. Då det ikkje var lett for alle å samlast i løpet av ein travel sommar, tok to av gruppene det heile som ein familietur og gjekk åleine.

Etter ei evaluering, sit kulturkontoret igjen med nyttige rapportar frå dei ulike traséane, med gode utgangspunkt for framtidig vedlikehald av stinettet. Og med tanke på lyssetting av Turstien, ser det heile riktig så bra ut.

Takk for samarbeidet!

Glimt frå prosjektet: