Stor militær øving

Soldatar under øving. - Klikk for stort bileteSoldatar under øving. Vatneleiren, Sandnes I neste veke (veke 39) skal Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08 (HV-08) øva i heile Rogaland.

- 2 400 soldatar skal øva i 16 ulike HV-område i Rogaland. Områda avgjer sjølv kor dei skal ha aktiviteten sin, og det er ikkje sikkert at det blir øving i absolutt alle kommunane, men potensielt kan det skje, seier kommunikasjonssjef John Gunnar Skien ved Statsforvaltaren i Rogaland.

Det blir militær trafikk på enkelte vegar. Lausammunisjon og lysrakettar vil bli brukte og ein kan rekna med noko støy heile døgnet.

Har du spørsmål om øvinga kan du ringa HV-08 operasjonssenter på tlf. 51 34 39 31.