Stort engasjement for søppelplukking

Strandboss

Mange gjer ein kjempeinnsats for eit reinare Bokn! 

Opplaust tauverk blant tare i Steinsvikane.

Det kjem stadig inn rapportar frå folk som allereie har hatt sin ryddedag, enten langs sjøen eller andre stader i kommunen. Initiativtakar til strandryddedag i Bokn, Elisa Skeie, fortel om enorme mengder med boss då ho plukka på Jøsang. Sju sekkar på to timar fortel det meste.

Edgar Våge melder om fire sekkar frå Steinsvikane, der det gjekk gjekk veldig mykje tid til eit opplaust tauverk som hadde vikla seg inn i naturen. Kari Christensen ryddar i Krovågen og sørover langs vestsida av Austre Bokn. Ho oppfordrar folk å bli med, og interesserte kan møta opp på kaien i Krovågen laurdag kl. 11. Etter at økta lovar ho kaffi på brygga.

Les også: Strandryddedagen i Bokn 2017

Fleire hundre kilo

Alf Sveinung Lie frå Borgenvik Hytteområde rapporterer om rydding i strandsona mellom Kvidaneset og Nordra Breivik. Dei både har og skal rydda vidare til sommaren. I Nordra Breivik ligg det fleire lag med avfall frå fleire år, og han reknar med at det totalt dreier seg om fleire hundre kilo.

Bli med på dugnaden!

Skulen melder om rydding frå Føresvik til E39 fredag 28. april. Dei melder også om nytt avfall der dei var og plukka før helga, så det verkar som om nokon dessverre har eit avslappa forhold til å kasta boss ut bilvindauget el.l. - og dermed har eit stort forbetringspotensiale.

På nordisk nivå

Me er inne i Strandryddeveka og både Føresvik Velforening og Barnehagen fortel om ryddeplanar denne veka.. Laurdag 6. mai 2017 er ikkje berre strandryddedag i Bokn og Noreg. Same dag er det også arrangement i i både Danmark, Finland, Færøyene, Island og Sverige, og kampen mot marin forsøpling blir løfta opp på eit nordisk nivå.

Bli med, møt opp i Bokn Arena på laurdag!