Ein svært nøgd leiar i Historielaget, Gunn Grønnestad fortel at dei fekk innvilga same sum som dei søkte om, kr 60 000 – til innkjøp av utstyr, frikjøp av tilsette og konsulentbistand.
-Prosjektet vil ha fokus på kystkultur, landbruket før og no, plassen me bur på, språkutvikling, mat og helse, og besøk på prioriterte kulturminne, seier ho.
Harry Vågshaug driv lokalhistorieformidling for ein skuleklasse på Bokn bygdemuseum.
Bokn skule
Meiningsfylt
Historielaget, som har hatt eit samarbeid med Bokn skule i mange år, set stor pris på å kunna formidla lokalhistorie og kunnskap.
-Det er viktig at barna får læra om si eiga lokalhistorie og tradisjonar, det gir identitet og stoltheit å kjenna røtene sine, og korleis oppvekstvilkår/levekår var tidlegare, seier Gunn Grønnestad.
Kommunalsjef oppvekst, Åse Bratthammer er einig.
-Samarbeid med Bokn historielag og andre lag og organisasjonar i Bokn er noko som gjer at våre barn og unge kjenner at dei høyrer til her. Dei er stolte over å vera boknarar. Når dei kjenner plassen dei bur på, blir han viktig for dei. Dei prosjekta me har og skal ha saman med Historielaget og andre bidrar til læring og trivsel, fortel ho.
Sju nasjonale prosjekt
Bokn historielag sitt prosjekt var eitt av sju i Noreg som fekk støtte frå organisasjonen Landslaget for lokalhistorie.
-Me gler oss til å vera med å forma ut det vidare arbeidet, kjem det frå lagsleiaren.
-Det er svært kjekt at Bokn kommune og Bokn skule blir lagt merke til på nasjonalt nivå, skyt Åse Bratthammer inn.
Kulturminneplan og aktivt historielag
Bakgrunnen for prosjektet er at Bokn skule ønsker å bruka kulturminne og lokalhistorie for å gi barn og unge ei sterkare tilknyting til staden. Kommunen har òg laga bøker som støttar dette arbeidet.
Målet er å styrka tilhøyrsla til Bokn, slik at ungdom ønskjer å koma heim att.
Historikar og forfattar Birger Lindanger er også involvert i prosjektet, mellom anna med kunnskapsoverlevering både til skuletilsette og -elevar. Han er også særs glad for at ein både i skulen og i historielaget ser kor viktig det er å formidla dette til komande slekter.
-Gjennom lokalhistoria vil elevane forstå at dei sjølve og samfunnet kring dei er eit resultat av historiske prosessar, og at dei sjølve er med og skapar historie for ettertida.
-At me også er det eine av dei sju laga som på landsbasis fekk eit slik tilskot, gjer meg kry på både skule og historielaget sine vegne. På eit vis kan det vel og seiast at dette er ei god vidareføring av den omfattande kulturminneplanen for Bokn som vart ferdigstilt for fire år sidan, avsluttar Birger Lindanger.