Strålande nasjonaldag

17. mai-komitéen 2021, fv. leiar Lene Ognøy Foss, Svein Ove Alvestad, Osmund Våga, Emilie Moi Eikje, Sigmund Alvestad, Lillian Grønnestad og Kyrre Lindanger. - Klikk for stort bilete17. mai-komitéen 2021, fv. leiar Lene Ognøy Foss, Svein Ove Alvestad, Osmund Våga, Emilie Moi Eikje, Sigmund Alvestad, Lillian Grønnestad og Kyrre Lindanger. Jardar Havikbotn Både sola og dei som medverka strålte på 17. mai.

Komitéleiar Lene Ognøy Foss er også strålande nøgd med årets gjennomføring.

- Me hadde rekordoppslutning i både båtkonvoien og i bilkortesjen. Det var med 66 båtar, tre fleire enn i fjor. I kortesjen var det både bilar, MC’ar, traktorar, minibuss og ein stor køyredoning frå Viking redningstjeneste, fortel ho.

Som i fjor blei det vist opptak av den tradisjonelle 17. mai-gudstenesta og den nye kransenedleggingshendinga.

Samanblandinga av den offisielle opninga (som til vanleg er på scenen i Bokn Arena) og Bokn musikkorps sin tradisjonelle konsert for sjukestova, gjekk også i år føre seg framfor Boknatun, med start då heile landet song Ja, vi elsker.

Det var flotte talar og appell, flinke songsolistar og korps – fint pakka inn av komitéleiaren, som hadde den tradisjonelle konferansiérrolla.

Også i år var det direktesending frå Boknatun gjennom heile dagen. Fjorårets suksess blei gjenteken, og i år var sendinga enno betre. Sendinga ligg framleis på kommunen si facebookside, og har i dag over 2 000 visningar. Det skal også lagast ein langfilm frå årets feiring. Denne blir kunngjort seinare.

Komitéleiar Lene Ognøy Foss vil retta ein stor takk alle innbyggarar for ein strålande dag, og for at alle var flinke å ta smittevernomsyn.