Strandryddedagen 2020

Arild Ognøy er klar til innsats på laurdag. Han skal testa ut Friluftsrådet Vest sin nyinnkjøpte strandstøvsugar, som skal brukast til å få opp mikroplast. Jardar Havikbotn I morgon, laurdag 19. september, er det den nasjonale strandryddedagen – som har 10 års-jubileum i år. Bokn er med, det blir sjølvbetening av utstyr ved containerar på fire kaiar.

Tusenvis av frivillige over heile landet skal ut i morgon og plukka marint avfall. Bokn har vore med dei tre siste åra, og til saman over 300 boknarar og hyttefolk har gjort ein fantastisk innsats mot marin forsøpling, og samla inn rundt 20 tonn avfall.

Støvsugar

Det nyttar; det blir mindre søppel for kvart år, dessutan får ny plast som kjem inn ikkje tid på seg til å bli oppløyst i mikroplast, som er ekstra farleg for livet i havet. I kampen mot mikroplasten skal Friluftrådet Vest sin nyinnkjøpte strandstøvsugar takast i bruk for første gong.

Ikkje depot

Ordføraren har vore med oss på alle strandryddedagane i Bokn, og blir det også i år. Det blir ikkje depot med mat og drøs. Deltakarar som vil vera med i trekninga av T-skjorter og buffers, registrerer seg på eventet på kommunen si facebookside.

Det står conteinerar på desse kaiane:

Tåganes
Føresvik
Alvestadkroken
Hognaland

Det vil stå boksar med sekkar og hanskar ved sida av containerane. Dei som skal plukka boss, tar med seg utstyr til eige bruk.

Dei som ikkje får frakta avfallet tilbake til containeren, kan setta det langs vegen. Vennligst gi beskjed kor det står i eventet, eller på tlf. 98 22 15 08 - så blir det henta i etterkant.

Hugs små grupper og 1-metersregelen!

Du er hjarteleg velkommen til å gjera ein innsats for eit reinare Bokn!