Strandryddedagen 2023

Laurdag 6. mai blir det strandryddedag etter gammal oppskrift, med depot på Idrettshuset kl. 10-16.

Bildet er av Oddrun Nilssen som ser etter marint søppel med ein kikkert, funne i Sandvika under ein nyleg ryddeaksjon. - Klikk for stort bileteSøppel i sikte? Oddrun Nilssen ser etter marint boss med ein kikkert, funne i Sandvika under ein nyleg ryddeaksjon. Jørgen Nilssen

Ei frivillig gruppe med Jørgen Nilssen i spissen har tenkt strandrydding i påsken, inspirert av kulturkontoret si oppfordring om å få strandryddedagen tilbake i Bokn.

Resultatet har blitt ei imponerande deltakarliste. Her er frivillige lag og organisasjonar, valfaggruppene Friluftsliv og Innsats for andre frå Bokn skule, Grieg Seafood og Skanska.

I tillegg kjem innbyggarar, hyttefolk og andre private. Alt ligg til rette for nok ein suksessrik dag for eit reinare Bokn.

Depot

Og passar det ikkje å rydda akkurat 6. mai, har me utstyrslager på Boknatun. Det er berre å ta kontakt. Å få registrert ryddeaksjonane er viktig, slik at me får ei statusoversikt over den lange strandsona i kommunen.

På sjølve strandryddedagen 6. mai kan folk henta sekkar, hanskar, kart, få utdelt soner med ryddebehov, m.m. frå kl. 10 på Idrettshuset. Meir informasjon vil koma.

Avfallshandtering

I samband med strandryddedagen vil det bli containerar på Tåganes, Alvestadkroken og Hognaland. Me har også andre gode måtar å kvitta seg med det marine avfallet, ta kontakt med kulturkontoret.

Hekkande fugl

Strandrydding om våren og sommaren fell ofte saman med hekketida til fuglane langs kysten, og me må ta omsyn til dette. Her vil det koma meir informasjon i eventet for strandryddedagen 2023.

Deltakarliste

Desse er med pr. 18. april. Viss fleire vil vera med, ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08 eller Jørgen Nilssen, tlf. 48 24 17 00.

Bokn Ap
Bokn Fiskarlag
Bokn Gatebilklubb
Bokn Høyre
Bokn Idrettslag
Bokn KFUK/KFUM Speidarar
Bokn Kristeleg Folkeparti
Bokn Røde Kors
Bokn Sanitetsforening
Bokn Senterungdom
Bokn Sp
Bokn Sykkelklubb
Grieg Seafood Rogaland avd. AS avd. Trosnavåg
Skanska

Valfagsgruppe Friluftsliv, Bokn skule
Valfagsgruppe Innsats for andre, Bokn skule