Denne veka kom resultatet frå Ragn-Sells, som sette ut seks containarar på ulike stader i Bokn i samband med prosjektet. Til saman 5.920 kg var det i dei - eit formidabelt resultat! Kjell Frode Lie frå initiativlaget Bokn Røde Kors køyrde på boss heilt til kl. 17:30 den dagen.
Fantastisk respons
På sjølve Strandryddedagen samla rundt 100 personar inn nærmare 300 sekkar, samt mykje anna avfall som garn, taurester, plastkanner m.m. - for ikkje å gløyma ei stor trosse frå Sandvika. Mange gjorde også ein
kjempejobb i forkant av 6. mai, m.a frå hyttefolk, der enkelte har planar om å rydda vidare i sommar.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Bokn Røde Kors, Bokn Senterungdom, Bokn Gatebilklubb, Bokn Sykkelklubb, Bokn Idrettslag, Bokn KFUK-KFUM-speidarar, Bokn Sanitetsforening, Bokn Fiskarlag og Bokn kommune. Prosjektgruppa organiserte
rydding i seks område i kommunen, men det blei også rydda andre plassar langs kystlinja 6. mai. Det skal lagast eit kart over alle stadene som fekk besøk av entusiastiske søppelplukkarar, både på og rundt Strandryddedagen 2017.
Prosjektgruppa er mektig imponerte og stolte av den fantastiske innsatsen som er lagt ned, og har fått inspirasjon til å arrangera neste ryddedugnad!
Gjenopplev dagen
På kommunen si Facebookside ligg det over 40 innlegg frå dagen med bildene du ser på denne sida og mange fleire. Har du ikkje vore der må du ta deg ein titt.