Strandryddeveka 2021

Storsekk i Sandvika på Strandryddedagen 2020. - Klikk for stort bileteStorsekk i Sandvika på Strandryddedagen 2020. Jardar Havikbotn Bli ein del av årets strandryddeveke – ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt!

Boknarar og hyttefolk er veldig flinke å rydda. Dei fire siste åra har over 300 personar samla inn over 20 tonn marint avfall!

I år inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad 11. – 19. september. Strandryddedagen dei hadde for 10 år sidan har nå utvikla seg til å bli eit vekelangt arrangement kvar haust.

Fleksibel ryddeperiode

Kulturkontoret og den frivillige ressursgruppa vil denne gong ha containerar ute i heile perioden. Interesserte søppelplukkarar kan då rydda når det passar for dei, og treng ikkje vera avhengige av at til dømes véret spelar på lag.

For dei som likar å gjera noko flott for miljøet når tusenvis (faktisk 800 000 menneske verda over) er ute same dag og gjer det same, er den internasjonale strandryddedagen laurdag 18. september.

Utstyr og avfallshandtering

Samarbeidspartnar RagnSells vil setta sekkar og hanskar ved containerane (meir info kjem seinare). Kommunen har ein strandstøvsugar. Interesserte kan ta kontakt med kulturkontoret. NB! Brukaren må vera tolmodsam og praktisk, og resultatet blir best med hjelp av ein annan person. Jardar Havikbotn  Kulturkontoret har også eit utstyrslager på Boknatun, m.a. storsekkar (1 000 liter). Viss du ikkje har anledning å hiva sekkane i containeren, kan du gjera ein av to ting:

  1. Ta avfallet med deg heim og setta det ut til henting (HIM) på ein avfallshentedag. Då må du ha ein ryddekode, som du får frå kulturkontoret. Du kan også skaffa koden sjølv ved å registrera aksjonen sjølv.
  2. Ha storsekk med deg som du set igjen i strandsona. Denne må sikrast slik at ikkje vind og straum tar han med seg ut på sjøen igjen. Sekken blir så henta av Friluftsrådet seinare.

Alle registrerte deltakarar vil vera med i trekninga av T-skjorter m.m. Du kan registrera deg ved å trykka at du vil vera med i eventet på kommunen sine facebooksider, eller du kan ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08.

Det er enkelt å gjera ein innsats mot marin forsøpling, og for mange har det blitt ein meiningsfull tradisjon.