Strandryddeveka 2024

25 personar var med under strandryddeveka 6. – 12. mai.

Både private og næringsliv plukka mange kg med marint avfall under årets strandryddeveke. I tillegg hadde fleire lag og org. ryddeaksjonar både før og etter. M.a. plukka skuleelevar søppel i nærmiljøet rundt skulen i 17. mai-veka.

Tradisjonar

Bildet viser to små gutar med to sekkar marint søppel. - Klikk for stort bileteTidleg krøkjast: Jonas Kro Nedrebø (tv.) og Noah Våge Stigen gjekk ruta Boknasundbrua - Tåganes. Egil Våge Bilde av Edgar Våge frå Fiskarlaget som er blant dei som er med kvart år. Her får han god hjelp av Sebastian Dreyer Osland. - Klikk for stort bileteEdgar Våge frå Fiskarlaget er blant dei som er med kvart år. Her får han god hjelp av Sebastian Dreyer Osland. Marit Elin Våge

Me er glade for at enkelte personar og Bokn fiskarlager med år etter år, og at Skanska og Statens vegvesen er med oss på andre året. Og ikkje minst har me hatt tre ulike ordførarar med på dei årlege prosjekta sidan me starta med organisert strandrydding i kommunen i 2017.

Det står nå BigBags rundt omkring i strandsona, som blir henta med Friluftsrådet Vest sin båt M/S Astrid.

Blant registrerte deltakarar i Strandryddeveka har me trekt ut dei som har vunne T-skjorter og buffs:

T-skjorter: 

Marit Elin Våge
Reidar Øvrebø
Sebastian Dreyer Osland
Noah Våge Stigen

Buffs:

Monika Øvrebø
Thea Kristoffersen
Michelle Kallevik Våge
Jonas Kro Nedrebø

Me gratulerer – produkta er distribuerte.

Det nyttar!

Rapportar fortel om mindre/lite avfall i kjende viker og ellers i strandsona enn før. Eit bevis på at strandrydding nyttar, og mange kan vera stolte over å bidra til eit reinare Bokn!

Takk for strålande innsats - velkomne igjen neste år!

Fleire bilde i eventet Strandryddeveka 2024

Strandrydding heile året

Har du lyst å rydda, kan du ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08 - eller senda inn skjemaet under: