Strandrydding

På Boknatun er alt utstyr som trengst for ein ryddedugnad.  - Klikk for stort biletePå Boknatun er alt utstyr som trengst for ein ryddedugnad. Jardar Havikbotn Laurdag 19. mars er Vårryddedagen 2022 og saman med folk over heile landet kan boknarar gjera ein innsats for miljøet. På Boknatun er alt utstyr som trengst for ein ryddedugnad. 

Internasjonal avtale

Sjølv om me likar å rydda, ønsker me i første rekke at plastforureininga skal stoppa. Noreg har bidratt sterkt til at verdas land endeleg er samde om ein internasjonal avtale mot plastforsøpling.

Utstyr og henteordningar

I tillegg til alt nødvendig ryddeutstyr, har kommunen gode henteordningar av marint avfall, året rundt. Vil du rydda eit område, fyll ut skjemaet under og du blir kontakta for avtale om henting av utstyr.