Strandrydding

Boknarar er veldig gode på strandrydding. Blir du med og får strandryddedagen tilbake i Bokn?

Bildet viser Konrad Nilssen hadde båten full med marint avfall under strandryddedagen i mai 2017. - Klikk for stort bileteKonrad Nilssen hadde båten full med marint avfall under strandryddedagen i mai 2017. Ukjent

Det heile starta vinteren 2017, med den sjuke kvalen på Sotra som hadde 30 plastposar i magen. Det blei fokus på plast i havet. Bokn Røde Kors v/Elisa Skeie tok kontakt med kommunen, og så var me i gong.

Me fekk med oss Bokn Gatebilklubb, Bokn Senterungdom, Bokn idrettslag, Bokn sykkelklubb, Bokn sanitetsforening, Bokn KFUK-KFUM Speidarar og Bokn fiskarlag. 

Fantastiske resultat

Det blei organisert strandryddedagar i 2017, 2018, 2019, 2020 (sistnemnde sjølv om det var koronapandemi). Over 300 boknarar og hyttefolk har vore involverte, og til saman har det blitt samla inn over 20 tonn marint avfall! Skule og barnehage har også gjort, og gjer framleis ein kjempejobb for eit reinare Bokn.

Det blei også oppretta ei messengergruppe med ressurspersonar på strandrydding.

Ulike grunnar (mest korona) førte til at den lokale strandryddedagen forsvann. Men det skal ikkje så mykje til for å arrangera ny, kanskje allereie i vår. Og kompetansen ligg der.

Kom og bli med!

Blir du, eller laget ditt med? Ta kontakt med kulturkontoret, tlf. 98 22 15 08.

Tilbakeblikk og inspirasjon: