Straumstøtte frivillige organisasjonar

Elektrisk straum. - Klikk for stort bileteElektrisk straum. snl.no Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søka om straumstøtte, som følge av ekstraordinære straumprisar, der gjennomsnittleg straumpris i desember 2021 var på over 70 øre per kWt.

Eitt lag i Bokn har tidlegare søkt om dette, og treng ikkje søka om igjen.

Krav:

  • Alle frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret er tilskotsberettiga.
  • Andre verksemder som er eid av frivillige organisasjonar og har utgifter til straum eller fjernvarme er tilskotsberettiga. Det gjeld for eksempel i dei tilfella der eit idrettslag har oppretta eit aksjeselskap for å drifta idrettsanlegget. 
  • Andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig verksemd kan søka om tilskot. Det gjeld for eksempel grendehus eid av samvirker der frivillig innsats er avgjerande for drifta. 
  • Organisasjoner som leiger lokale der dei dekker løpande straum-eller fjernvarmekostnader kan også søka.

Søknaden:

Det er for tida ikkje disponibelt søknadsskjema. Søkarar leverer/sender søknaden pr. post til Boknatun.

Søknaden skal innehalda følgande:

  1. Namn på lag/organisasjon med kontaktperson, organisasjonsnummer og kontonummer til laget.
  2. Straumforbruk (kWh) for desember 2021 og straumforbruk (kWh) for januar 2022.
  3. Vedlegg; kopier av straumfakturaer frå straumleverandør for desember 2021 og januar 2022.

Søknadsfrist: 9. mai