Strømstøtte frivillige lag og organisasjonar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje strømstøtte for perioden juli til september 2022 no og innan søknadsfrista 16. november kl. 13.00

Strømstøtteordninga gjeld for organisasjonar med strømforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

Nytt for september er at også Midt-Noreg (NO3) har rett på støtte. Strømsatsen er likevel vesentleg lågare enn for strømprisområda lengre sør. Til dømes vil ein strømsats på 4,23 øre pr kWt bety at eit forbruk på 10 000 kWt gir eit søknadsbeløp på 423 kroner.

Her kan du sjå oversikt over områda som er omfatta av ordninga.

Strømstøtta vil bli utbetalt fortløpande, slik at dei som søker tidleg, kan få pengane raskast mogleg.

Dei som kan søkje er: 

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Organisasjonar som oppfyller kriteria, oppfordres til å registrere seg.
     
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søke dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
     
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meinast menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendehus og lokale forsamlingshus søke om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.

Søknadsfristen er 16. november kl. 13.00.

Du kan lese meir om ordninga hos Lotteri- og stiftelsestilsynet - strømstøtte for frivillige lag og organisasjoner