Sykling i Bokn Arena

Det har i helga gått føre seg uorganisert sykling som har ført til mange merker på golvet. Desse kunne ikkje fjernast med maskin, og det tok over ein time for reinhaldaren å få dei bort manuelt.

Slikt er svært unødvendig og skapar meirarbeid og auka slitasje på golvet i hallen. Som kjent er uorganisert sykling inne i hallen ulovleg. Bokn kommune ynskjer at den flotte hallen blir brukt mykje, men han må brukast på rette måten.