Systematisk strandrydding

Det utvalde området på Bokn; frå Ådnaneset og rundt til Sponavika. Grøn farge markerer område som allereie er ferdig rydda. - Klikk for stort bileteDet utvalde området på Bokn; frå Ådnaneset og rundt til Sponavika. Grøn farge markerer område som allereie er ferdig rydda. Jæren Friluftsråd Rydd Norge – Rogaland er eit ryddeprogram som er finansiert av Handelens miljøfond (HMF), populært kalla plastposefondet. Prosjektet er eit supplement til den frivillige strandryddinga.

HMF har som mål at 40% av Noreg sin kyst skal vera rydda for marint avfall minst ein gong innan 2023.

Prosjektet blei starta for snart tre år sidan i nåverande Vestland fylke, og dekker nå heile Noreg. Prosjektet er meint som eit supplement til all den frivillige ryddinga som skjer rundt i Norge, og konsentrerer seg om prioriterte område; sårbare verneområde, stader der frivillige ofte ikkje kjem til for å rydda, eller stader der søppelet er av ein slik art at tyngre aktørar må trø til.

Søre del av Vestre Bokn

Dei prioriterte områda blei valde ut av Statsforvaltaren i Rogaland (tidlegare fylkesmannen) i samarbeid med friluftsråda, og eitt av desse områda dekker den sørlege delen av Bokn; frå Ådnaneset og rundt til Sponavika.

Det er Jæren Friluftsråd som koordinerer prosjektet i Rogaland. Aktøren som rydder på Haugalandet er eit firma frå Karmøy.

Særlege omsyn

Mandatet ryddeaktøren har fått frå HMF og Statsforvalteren er å rydda alt søppel i strandsona, definert å vera «vasskanten og dei naturleg nærliggande område» inntil områda framstår som reine. Ryddeaktøren går i land og startar ryddinga ved å gå langs strandsona. Enkelte av områda på Bokn er enten bebygde eller innmark/utmark, utan verken strand eller open fastmark før du er i sjøen. Slike område er likevel svært viktige å få rydda for marint avfall. Ryddeaktøren skal i arbeidet sitt ta særleg omsyn til både natur, miljø, private anlegg og landbruk.

Prosjektet har pågått i Bokn sidan starten på januar (sjå kartutsnitt; grønn farge er ferdige område), samtidig som Jæren Friluftsråd tilsette ny prosjektleiar. Dette er grunnen til at Karmøy-firmaet starta ryddearbeidet før det kom ut nødvendig informasjon til boknarane. Prosjektleiaren beklager, på vegne av Handelens Miljøfond og Jæren Friluftsråd - at informasjon ikkje blei sendt ut før arbeidet starta.