Takk for god innsats!

Når Gunn Grønnestad nå trer over i rekkene til pensjonistane, har ho hatt over 35 år i kommunen.

16.12.22 blei det markert at Gunn Grønnestad blir pensjonist. - Klikk for stort bilete16.12.22 blei det markert at Gunn Grønnestad blir pensjonist. Jardar Havikbotn

Av Grethe Heimvik

Gunn vart fyrst tilsett som sjukepleiar i 1987, før ho fekk tittelen avdelingssjukepleiar.

I 1990 fekk ho rolla som pleie- og omsorgssjef før stillinga vart endra til seksjonssjef helse i perioden 1997 – 2008. Frå 2008 og fram til nå har ho arbeidd som avdelingssjukepleiar på natt i pleie- og omsorgstenesta.

Gunn vart 70 år tidlegare i november, og kan difor nå nyte tilværet som pensjonist med godt samvit. Vi er heldige som har hatt Gunn som medarbeidar i kommunen desse åra, takk for innsatsen og lykke til vidare som pensjonist!

May Jorunn Vatnaland