Vinnaren blei Hege Sunde, gratulerer! Digitalt gåvekort, kr 500 hos XXL blir sendt til den epost-adressa ho er registrert på i TellTur.
Aukar
I Bokn blei det registrert 6 408 turar i 2021. Desse turane er gått av 1 175 unike turgåarar. Omlag 50 av turgåarane er busette i Bokn kommune, og Boknafjellet er det mest besøkte turmålet, med 1 420 innsjekkingar, utført av 750 forskjellige turgåarar. Håklepp har nest flest besøk, med 1 053 innsjekkingar.
Her er utviklinga dei siste tre åra:
SESONG
|
2019
|
2020
|
2021
|
REGISTRERTE TURAR
|
3 301
|
5 603
|
6 408
|
REG. TURGÅARAR
|
497
|
1 055
|
1 175
|
MEST BESØKT
|
Boknafjellet
|
Boknafjellet
|
Boknafjellet
|
146 turmål i 13 kommunar
Regionalt var det 146 turmål av variert vanskegrad å velja i, i alle 13 kommunane under Friluftsrådet Vest.
Odd-Bjørn Saltnes i friluftsrådet er godt nøgd med at det sidan starten i 2014 har vore ein jamn deltakarauke.
- I år stoppa talet på aktive brukarar på 5 529. Det er ein auke på 1 210 brukarar frå i fjor, noko som betyr 28% fleire aktive. Til saman gjekk desse turgåarane 135 200 turar, noko som gir eit gjennomsnitt på 24,4 turar pr. deltakar, mot 23,6 i fjor, fortel Odd-Bjørn Saltnes.
TellTur 2022 startar opp til påske neste år.