TellTur-start

Turen til Ådnaneset var ny i fjor. Bildet er frå 29.03.20. Jardar Havikbotn 1. april startar TellTur-sesongen. Dei som går og registrerer alle åtte turane i Bokn med appen Norgeskart friluftsliv er med i trekninga om eit gåvekort på 1 000 kr.

Turane i Bokn finn du under Kultur og Friluftsliv:

TellTur

Unngå smitteoverføring

Koronakrisa er grunnen til at det skal brukast app og ikkje postkassar, turkodar og postkassebøker.

Appen Norgeskart friluftsliv Asplan Viak Internet AS I appen får du gratis tilgang til TellTur ut 2020 og enkel innsjekking når du er ved turmålet. Norgeskart friluftsliv slår ut på posisjonen når du er innan 50 m frå turmålet og spør om du vil sjekka inn.

Appen har gode kart over Noreg og er rik på funksjonar med m.a. sporloggfunksjon og moglegheit for å få opp høgde og stadnamn kor som helst i kartet. Med abonnement kan du også lasta ned kart for bruk utan mobildekning.

Ver aktiv!

I TellTur kan du konkurrera med deg sjølv om å vera meir aktiv ute, eller med andre turgåarar om å nå fleire mål i nærmiljøet ditt!

- I fjor deltok nærmare 3 000 turgåarar i TellTur i regionen vår. Til saman gjekk desse over 50 000 turar frå april til november, seier Odd-Bjørn Saltnes i Friluftsrådet Vest.