Til alle bedrifter i Bokn

Av Jan Erik Nygaard

Til tross for koronasituasjonen vil Bokn kommune også i år prøve å legge til rette for eit tilbod om sommarjobb til ungdom frå 9. klasse til og med 1.vgs.

Sommarjobbane er delvis i kommunen, men også lokale bedrifter kan melde si interesse til å ta inn ein eller fleire av desse ungdommane.

Ut frå økonomien vil det i utgangspunktet vera 1 veke pr. ungdom, men dersom det er få søkjarar kan det kanskje bli 2 veker for dei eldste.

Vi ber nå om at dei lokale bedriftene som ynskjer å ta inn ungdommar i ein sommarjobb, melder frå til kommunen snarast.

Informasjonen vi ynskjer er;

•Namn på arbeidsstaden

•Kor mange ungdommar ynskjer de å ha i arbeid i sommar?

•Kva veker er aktuelle?

•Namn på kontaktperson og mailadresse og mobilnr.

Informasjonen skal sendast på mail til jan.erik.nygaard@bokn.kommune.no eller på sms til 98221501.

Frist for tilbakemelding er 10. juni.