Til uttale - Endring av reguleringsplan for Knarholmen næringsområde - gnr. 11 bnr. 185 m.fl. - Bokn kommune

Omega 365 Areal AS er engasjert av Bokn kommune til å utarbeide reguleringsendring etter forenkla prosess jf. § 12-14, 2.ledd i Plan- og bygningslova, for endring av reguleringsplan for Knarholmen næringsområde. Sjå vedlagte føresegner, plankart og planomtale.

Endringa går i hovudsak ut på å endre formål på eit delområde, slik at det kan byggast brannstasjon på tomta. I tillegg vert det nokre endringar og suppleringar i føresegnene. Gjeldande plan er utarbeida i samsvar med plan- og bygningslova frå 1985, men planen er gjennom planendringa oppdatert til å vere i tråd med gjeldande plan- og bygningslov (pbl2008).

Bokn kommune har konkludert med at endringsforslaget fell innanfor rammene av det som kan betraktast som ein enkel planprosess og planforslaget blir derfor sendt direkte på uttale. Dette gjeld endringar i reguleringsplan som i lita grad påverkar gjennomføring av planen for øvrig, ikkje går ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje råkar ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Dette varselet må derfor betraktast som einaste moglegheit til å uttale seg før vedtak vert fatta, jf. plan- og bygningslova § 12-14, 3. ledd.

Spørsmål knytt til planarbeidet kan rettast til: Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000, Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no  innan 29.07.2024

Føresegner (PDF, 150 kB)

Plankart (PDF, 446 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)