Tilkallingsvikar, Bokn barnehage 2023

Barnehagen treng ein tilkallingsvikar som kan dekke fråvær i barnehagen; sjukdom, ferie og andre fråvær.

Bildet viser grillaktivitet. - Klikk for stort bileteGrillaktivitet. Bokn barnehage

Opningstida i barnehagen er måndag - fredag kl. 7:00 - 16:30.

Denne type jobb passar for ein som er glad i friluftsliv og trivst med å vere ute. Barnehagen er ute kvar dag og tilbringer mykje tid utandørs.

Det er vidare viktig å trivast saman med barn og deira leik, vere aktiv og "på".

Det er ønske om ein person som er sjølvgåande og ser kva som skal gjerast, og som samarbeider godt både med barn, foreldre og kollegaer.

Kontaktinformasjon:

Kate Åse Helgø,
Styrar, Bokn barnehage
Mobil: 482 54 428
Epost: 
kate.ase.helgo@bokn.kommune.no