Treng du arbeidshjelp i sommar?

Sommarjobb for ungdom 2022 er eit tilbod til dei som går i 9. og 10. klasse + 1. vidaregåande,  som via kommunen vil få eit tilbod om arbeid i 1-2 veker i sommar.

Ungdommane har ulike ynskjer om kor dei vil arbeida, og kommunen vil difor gjerne at lokale bedrifter vil samarbeida med oss om å tilby ulike jobbar. 

Ta kontakt snarast

Vi ber om at bedrifter, butikker, bønder, fiskarar, etc. som er interesserte i å ha ein ungdom i arbeid i sommar for 1 eller 2 veker tar kontakt snarast på mail til solalv@bokn.kommune.no, eller sms til 98221502. 

Ytterlegare informasjon om tiltaket vil bli gitt til dei som tar kontakt.