Trygg og sikker vassforsyning

Bokn kommune er opptatt av å ha ei trygg og sikker vassforsyning gjennom heile året.

Bildet viser krana på allmenningkaien i Alvestadkroken. å kunne ha denne krana open.   - Klikk for stort bileteTeknisk avdeling vurderer ulike løysingar for å kunne ha krana på allmenningkaien i Alvestadkroken open. Geir Øvernes

Informasjon frå teknisk avdeling, Bokn kommune.

I tillegg til å levere vatn til innbyggjarane i Bokn kommune, har me óg ein løpande avtale med Statens Vegvesen om levering av vatn til Rogfastprosjektet.

Denne avtalen har blant anna vore med på å finansiere utbygging av nytt vassverk på Vaulen og nye vassleidningar til innbyggjarane i Bokn.

Vurderer vatningsforbod

Vatnet som blir produsert på Vaulen reinseanlegg går igjennom ein ganske kostbar og avansert prosess før det går ut til forbrukar som reint trygt drikkevatn.

Vasskjelda vår er ikkje utømmeleg, og me ser at det minkar på vatnet for kvar veke som går.

På grunn av stadig synkande vasstand i vasskjelda, vurderer me tiltak som vatningsforbud. Inntil vidare oppfordrar me til ein ansvarsbevisst bruk av drikkevatn.

Stengd krane på allmenningkai

Teknisk avd. er difor opptatt av at vatnet ikkje renner ut til ingen nytte. Når folk i kommunen oppdagar uvanleg høgt forbruk på enkelte leidningsstrekk, må ein óg ut og leite etter lekkasjar.

Av denne grunn har teknisk avdeling ved fleire anledningar oppdaga at krana står open og vatnet renn ut i sjøen.

Dette blir det mange liter av i timen, noko som også går ut over vassforsyninga. Me vurderer andre løysingar for å kunne ha denne krana open.  

Hensikten med vassposten var å leggje til rette for at han kan nyttast av fritidsbåtar.